Litt forsenka på Postvegen

Om få dagar startar  utbetring av Den Trondhjemske Postveg frå fylkesvegen på Ljøen til Spønhaugen.

Om få dagar startar utbetring av Den Trondhjemske Postveg frå fylkesvegen på Ljøen til Spønhaugen.

Arbeidet med opprusting av Den Trondhjemske Postvei frå Ljøen til Spønhaugen startar litt forsenka, men om få dagar.

 Det blir truleg oppstart med utberinga av Postvegen frå Ljøen til Spønhaugen i veke34. Det seier leiar i styret for Ljøbrekkas Vener, Petter Hjørungdal. Då vil to sherpaer og ei gravemaskin fatt på arbeidet om alt går etter planen.

Hjørungdal fortel at det er halde to dugnader av friviljuge Ljøbrekke-vener med rydding av kratt og einer, ein dugnad torsdag 6. august og ein ny måndag 10. august. Der er framleis ein god del ryddearbeid å gjere så styreleiaren antydar ny dugnad om ei veke.

Elles jobbar styret med finansieringa. -Skal vi kome i mål med arbeidet treng vi meir pengar, men i haust er målet opp til Spønhaugen, stadfestar Hjørungdal.

Petter Hjørungdal er leiar i organisasjonen Ljøbrekkas Vener.

Petter Hjørungdal er leiar i organisasjonen Ljøbrekkas Vener.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380