Lokalnytt

Mange såg Bølgen på Hellesylt

Bølgen

Torsdag vart filmen Bølgen vist på Hellesylt for 131 betalande. Ein av dei best besøkte filmane med Norsk Bygdekino på Sunnylven samfunnshus.

Heftig og begeistret, Max Manus og nokre barnefilmar har hatt tilnærma like godt besøk som filmen Bølgen torsdag kveld, opplyste Norsk Bygdekino etter framsyninga. 131 selde billettar på Hellesylt var svært bra.

Vi var mellom dei som fekk sjå dramaet der handlinga i filmen er knytt opp mot det som oppstår etter at det mykje omtala fjellpartiet ved Åkneset ramlar i Storfjorden. Filmen har fått mykje skryt så langt og fortener det. For om handlinga i filmen ikkje alltid var av det realistiske og vi ikkje kjende igjen alle bilete i katastrofeområdet, så råka nok filmskaparane blink i fleire deler av den om lag seks kvarter lange spenningshistoria. Det som gjorde sterkast inntrykk var nok sluttscenene der kampen for livet utspant seg i eit tilfluktsrom overfylt av sjøvatn. Då var det stille mellom publikum i storsalen på samfunnshuset.

Det er skodespelarane Ane Dahl Torp og Kristoffer Joner som har hovedrollene i katastrofefilmen frå Fantefilm og med regissør Roar Uthaug.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380