Navarsete besøkte Hellesylt

På kaffibar på Hellesylt, frå høgre Øystein Ljøen, Liv Signe Navarsete, Jan Ove Tryggestad, Ellen Fivelstad.

På kaffibar på Hellesylt, frå høgre Øystein Ljøen, Liv Signe Navarsete, Jan Ove Tryggestad, Ellen Fivelstad.

Laurdag besøkte Sp-politikar Liv Signe Navarsete Hellesylt. Under kaffistopp på Hellesylt Boutique & Bar vart ho orientert om aktuelle lokale saker.

Saman med ordførar Jan Ove Tryggestad og andre frå Stranda Senterparti fekk Liv Signe Navarsete informasjon om fleire positive og andre mindre gode saker som vedrører bygdesamfunnet Sunnylven og tettstaden Hellesylt. Spesielt vart rasfåre og mangel på reguleringsplan for Hellesylt snakka mykje om.

På dispensasjon

Ellen Fivelstad og Antonio Fernandez starta Hellesylt Boutique & Bar i sommar. Kaffibaren i den gamle bokhandelen på Hellesylt har hatt mykje besøk og eigarane var nøgde med den fyrste sesongen. Så langt har dei drive på dispensasjon og i berre halve lokalet på grunn av endra bruk av lokalitetane frå bokhandel til serveringsstad.

Mot løysing

Dette vil det bli ei ordning på snart lova ordførar Jan Ove Tryggestad. Han fortalde om Gatå, gamlegata på Hellesylt der det var fullt opp av forretningar av ulike slag i «gamle dagar». I fleire år har gata lege utan større aktivitet, men no kom Boutique & Bar som fyrste nye, noko ordføraren tykte var bra.

Om reguleringsplanen sa ordføraren at Stranda kommune måtte gå den lengste runden på grunn av at området er rekna som utsett for snøras. –Hellesylt har levd med eit byggeforbod sidan tidleg på 2000-talet, men no går det mot ei løysing, sa han.

Berre lagerhall

Restriksjonar grunna ras hadde blitt eit hinder for vidare utviding også for HT Bygg Hellesylt, sa dagleg leiar Øystein Ljøen. Ved bedrifta hadde dei alltid trudd dei var på den tryggaste plassen på Hellesylt, men ein strek på kartet sette stoppar for vidare ekspansjon. HT Bygg hadde ferdige planar for bygging av ein elementhall og utviding av administrasjonsbygg og tilsette. No var det berre lov å bygge lagerhall, for etter regelverket kunne ikkje kommunen seie ja til noko anna.

Ljøen omtala snørasproblemet også i litt skjemtande vendingar, han såg på det heile som lite realistisk for HT Bygg Hellesylt. -Å evakuere ei vekes tid i mars om 250 år kan vi leve med. Og dei fleste hos oss jobbar ute så dei er ikkje fysisk til stades når eit eventuelt skred vil gå. Få opp ei målestong oppe i fjellet og når snøen har smelta slik at rasfaren er over får vi flytte tilbake. Vi lever ikkje og veks, vi lever og minkar, sa Øystein Ljøen.

Ny veg gjennom Hornindal

Under den vel timelange samlinga på kaffibar på Hellesylt fekk Navarsete også høyre at mykje går svært bra i Stranda. Nye utbyggingar innan næringslivet er i kjømda innan næringsmiddelindustrien, og sysselsetjinga er høg. Kommunen er avhengig av å importere arbeidskraft, fortalde ordførar Jan Ove Tryggestad. Også betra kommunikasjonar har hatt positive ringveknader, mellom anna har Kvivsvegen opna nye marknader for HT Bygg Hellesylt. Ordføraren håpa at ny fylkesveg 60 gjennom Hornindal ville kome snart. Dei 12 km. frå Røyrhus bru til Grodås var kostnadsrekna til 250 mill. kroner.

Kokkekamp og valkamp

Liv Signe Navarsete lytta interessert til alt som vart teke opp under kaffimøtet. –Eg håper problema løyser seg, det verste eg høyrer er at folk vil, men ikkje får lov, sa Navarsete før ho måtte drage vidare til Stranda. Der skulle ho delta i kokkekamp under Strandadagane. Ho hadde bestemt seg for matrett og røpa at det fyrst skulle bli tapas av spekemat og deretter ei vok-gryte med biffsnadde , råstoff levert frå Ole Ringdal AS.

Etter Stranda gjekk reisa for stortingsrepresentanten tilbake til Sogn og seinare til valmøter på Austlandet. Ingen ferie før valet er over, slo Liv Signe Navarsete fast som femten dagar før kommunestyre –og fylkestingsvalet kunne glede seg over gode meiningsmålingar for Senterpatiet.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380