16. april 2026

Orienterte seg om rasfåre

Venstre i Hellesylt, Oda Kristine Stadheim Myklebust, Amalie Ringdal Birkhol, Trond Otto Berg og Ola Elvestuen lengst til høgre.
Venstre i Hellesylt, Oda Kristine Stadheim Myklebust, Amalie Ringdal Birkhol, Trond Otto Berg og Ola Elvestuen lengst til høgre.

Tysdag var Venstrepolitikar Ola Elvestuen innom Hellesylt før turen gjekk vidare til Geiranger. Snørasproblematikk vart tema i sommarvarme.

Nestleiar i Venstre og leiar for Energi og miljøkomiteen i stortinget, Ola Elvestuen besøkte bedrifta HT Bygg på Hellesylt tysdag. Seinare vart det rusletur i gata på Hellesylt saman med Trond Otto Berg, Amalie Ringdal Birkhol og Oda Kristine Stadheim Myklebust, alle listetoppar i Stranda Venstre. Under ein kort samtale med Elvestuen vart temaet på nytt det same som under bedriftsbesøket, nemleg rasfaren som Hellesylt stadig blir tildelt.

Stortingspolitikaren forsto at dette var ein hemsko for utvikling og vekst på Hellesylt. Kanskje burde ein sjå på regelverket som NVE jobbar etter, antyda han. Og kanskje burde det gå ann å få ei overvaking og varsling av når det er snøskredfare og ikkje, sa Elvestuen. Han var klar på at det går ikkje snøras kvar dag på Hellesylt, men om fåren oppsto var det noko som også lokalbefolkninga visste å vurdere.

Nestleiaren i Venstre fekk oppleve bygdesenteret Hellesylt frå si flottaste side tysdag med sol og sommarvarme. Ein flott plass med mange fine, velhaldne bygningar, tykte han. Elvestuen håpa staden etter kvart fekk godkjende planar som gav rom for både ny busetnad og næringsutvikling.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →