Lokalnytt

Praktfull kyrkjekonsert

Kyrkjekonsert

Dei tyske musikarane Alexander Pfeifer og Frank Zimpel framførte musikkverk av både gamle og litt nyare komponistar under konserten i Sunnylven kyrkje tysdag kveld.

Profesjonelle tyske musikarar sytte for sjeldan toneprakt i Sunnylven kyrkje tysdag kveld. På orgel og trompet henta Alexander Pfeifer og Frank Zimpfel fram tonar frå eldre og nyare komponistar som beigeistra publikum. Vi talde knappe tretti i den store Sunnylvs-kyrkja, men det burde vore fleire for konserten vart ei stor oppleving.

Det er nesten uvirkeleg kva toneprakt og rytmeskifte som går ann å få fram på eit kyrkjeorgel, eller for den del på ein trompet. Men det fekk vi høyre i kyrkja frå dei to tyske musikarane som nærmar seg slutten på si musikalske reise i Sverige og Norge. Det var stålande bruk av to flotte instrument.

På repertoaret stod komposisjonar av Jean Baptiste, Johann Sebastian Bach, Tomasi Albinoni, Felix M. Bartholdy og nokre nyare verk av Oskar Lindberg, Philip Glass og kjende «Summertime» av Georg Gershwin. Som ekstranummer og før kollekt ved utgangen spela dei to nyare nordisk musikk, ABBA sin «Money, money.

Pfeifer tykte orgelet i Sunnylven kyrkje var eit godt instrument. Han følte seg vel saman med det etter som det var laga i Dresden der dei to også kom frå, sa han etter konserten. Klangen i kyrkja i Sunnylven var bra, men litt tørr i motsetning til i ei steinkyrkje som han var vand å spele i. Kast ut alle teppe så blir det betre, sa Pfeifer.

Dei to held fram si musikalske reise i Norge til Bergen og Karmøy.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380