Lokalnytt

Redusert opning ved Peer Gynt Galleriet

Kunstsenteret opnar opp for alle som vil sjå dei unike Peer Gynt-relieffa i galleriet
Kunstsenteret opnar opp for alle som vil sjå dei unike Peer Gynt-relieffa i galleriet

Peer Gynt Galleriet på Hellesylt held ope tre dagar i veka frå 1. september.

Peer Gynt Galleriet på Hellesylt, som starta sesongen i mai reduserer opningstilbodet til tre dagar i veka frå 1. september. Det blir potetballdag kvar torsdag som tidlegare, og det blir ope i helgane, fortel dagleg leiar ved kunstsenteret Monica Rødven. Om nokon ynskjer å nytte lokala utanom desse dagane, til eksepelvis selskap eller omvisingar i galleriet er det berre å ta kontakt. Då opnar vi sjølvsagt, seier ho.

Ny Quiz

Rødven fortel også at det ut over hausten er planar for arrangement med underhaldning, og det blir ny quiz-konkurranse, ei kunnskapstevling som har blitt svært populært, truleg blir det laurdag 12. september.

20 prosent avslag

I vestibylen har fotograf Kenneth Enstad hatt bildeutstilling. No på slutten av utstillinga blir alle bilete selde med 20 prosent avslag. Eitt av dei store med ein liten skade i eit hjørne blir seld med heile 70 prosent avslag. Nytt høve å kjøp eit flott fotobilete, oppmodar Monica Rødven.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380