Roleg ordførar i TV-program

Jan Ove Tryggestad var gjest i TV-programmet Lindmo laurdag kveld saman med skodespelar og hovudrolleinnehavar i filmen Bølgen, Kristoffer Joner.
Katastrofefilmen Bølgen har gått på kinoar den siste veka og fått rosande omtale. Laurdag kveld vart filmen omtala som fyrste innslag på TV-programmet Lindmo. Skodespelar Kristoffer Joner og ordførar i Stranda kommune på Sunnmøre, der handlinga i filmen er henta frå var gjestar i studio.
Begge gjorde solide inntrykk. Sjølv om det verste skrekksenariet som filmen skildrar skulle inntreffe, let ikkje dei to i studio gje inntrykk av frykt. Ordføraren Tryggestad var sikker på at all befolkning i utsett område skulle få varsling i god tid før eit eventuelt fjellskred ville gå i Storfjorden. Eit overvaking og varslingsnett er oppbygd og vil gje alle i utsette områder tryggleik i god tid i forvegen.
– Vi gjer fantastisk mykje på 72 timar på Sunnmøre, sa Stranda sin populære og dyktige ordførar Jan Ove Tryggestad.
