Samferdselsministeren besøkte Hellesylt

Statsråd Ketil Solvik-Olsen til høgre og FrP-politikar Frank Sve, Stranda.
Statsråd Ketil Solvik-Olsen til høgre og Frp-politikar Frank Sve, Stranda.

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen besøkte Hellesylt måndag. Der fekk han orientering om mange vegprosjekt.

Frp-statsråd Ketil Solvik-Olsen kom til Hellesylt saman med Frp-topp Frank Sve og fleire listekandidatar til årets kommuneval i Stranda. Samlinga for orientering frå fagfolk frå Vegvesenet, entreprenørar og transportørar fann stad på Hægstad Gård i kunstgalleriet.

Leiar i prosjektavdelinga i fylket Ove Nesje fortalde statsråden om dei mange små og store vegprosjekt i området som er ferdige og som nærmar seg fullføring. At same mannskap hadde planlagt vegprosjekta har vore til nytte og med økonomisk effekt, meinte han. Nesje kom også inn på rassikring av strekninga Hellesylt – Røyr. Fyrste byggetrinn vart opna i 2011, det andre med utkikspunkt på Ljøen hausten 2013, og no er det snart gjennomslag på den 3600 meter lange tunnelen gjennom Ljøfjellet som er del av tredje og siste byggetrinn. Rørtunnelen på Røyr er også del av dette og blir teken i bruk før jul i år, sa Nesje. Heile rassikringa har kosta 1.2 milliardar.

Byggeleiar Arne Ola Stavseng kom også inn på arbeidet med siste tunnelen og bygging av fleire rasvollar i terrenger. Her var det nytta stein frå tunneldrivinga, ein god måte og nyttiggjere seg steinmassane på, sa han.

Eit nytt sikringsprosjekt er fylkesveg 63 Eidsdal – Geiranger med tunnel for å sikre mot snøskred. Geiranger har vore stengt fleire gonger og har måtta nytte ferje, sa Stavseng. No var det behov for bevilgning om det skulle bli byggestart i 2017.

Også entreprenørar og transportørar orienterte statsråden ut frå deira ståstad. Sverre Jan Rønneberg håpa at Hornindal – Røyrhus bru kunne kome i gong og at det vart sett fart i planlegging av tunnel mellom Engeset i Stranda og Brunstad i Sykkylven.

Lars Tore Opshaug håpa også på fleire prosjekt i arbeid framover. Kapasiteten i anleggsbransjen var stor, så om det ikkje kom opp prosjekt ville det bli ledig kapasitet og permiteringar. Slik det såg ut no var Opshaug bekymra for bransjen framover.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380