Samla eldre konfirmantar

Bak: Kåre Vollset, Fredrik Helset, Asbjørn Helset, Jarle Hole, sokneprest Karstensen, Oddmund Helset.
Under gudstenesta i Sunnylven kyrkje siste søndag i august var fleire av konfirmantane frå 1955 og 1965 samla.
Konfirmantane frå 50 og 60 år sidan var invitert til gudsteneste i Sunnylven kyrkje søndag, og til samling på kyrkjelydshuset . Mange møtte, men også fleire mangla av ulike grunnar. I 1955 vart åtte jenter og gutar konfirmert, søndag var to til stades. Ti år etter vart heile sytten konfirmert i Sunnylven kyrkje, elleve av dei møtte søndag.
I ein kort intervjurunde saman med sokneprest Stein Karstensen fortalde dei litt frå førebuingane og konfirmanttida slik dei opplevde den.
Etter samlinga i kyrkja skulle «konfirmantane» halde fram festen på kyrkjelydshuset der det venta servering og sikkert mange minner og andre historier frå åra som har gått.