Skal diskutere Bergly si framtid

Forsamlingshuset Bergly var reist i 1903. No treng det vedlikehald om det skal bli ståande.

Forsamlingshuset Bergly var reist i 1903. No treng det vedlikehald om det skal bli ståande.

Forsamlingshuset Bergly i Sunnylvsbygda forfell. Søndag 23. august blir det halde møte for å drøfte framtida for huset.

Det er Reidar Brekke og Inge Bjørdal som har sendt ut innkalling til møtet for å drøfte framtida for det som var lagshuset til Sunnylvsbygda Kristelege ungdomsforeining. Dei skriv at lagskassa er tom og huset manglar vedlikehald. Difor må det drøftast kva som skal skje med hus og tomt. I skrivet blir lista opp tre alternativ:

1.Søkje om offentleg støtte og tilskot frå private for å ruste opp huset. 2. Rive huset. 3. Selje.

Fylkeskonservator Ringstad har sett på huset i 2014 og på møtet blir det orientert frå rapporten etter synfaringa.

Bergly var eigd av Sunnylvsbygda Kristelege ungdomsforeining som vart skipa i 1891. I 1903 fekk foreininga reist lagshuset på ein gratis tomt på Frøysa. O.M. Hauge var formann i ungdomsforeininga i heile 40 år, og laget fekk seg eiga fane, står det å lese i bygdebok for Sunnylven og Geiranger. I Bergly vart det halde fleire kristelege samkome kvart år, gudstenester og juletrefestar. Lokalet vart og nytta av Hauge og Frøysa kvinneforeining til deira årlege utsal av handarbeid til inntekt for Norsk Misjonsselskap. No har huset stått ubrukt i mange år.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380