Suveren i motbakkeløp

Kristine Hjellbakk Hole vann jordbærdilten i Valldal tidlegare i sommar. (Frå arkivet)

Kristine Hjellbakk Hole vann også under jordbærdilten i Valldal tidlegare i sommar. (Frå arkivet)

Kristine Hjellbakk Hole, Sunnylven IL utklassa sine like gamle konkurrentar i motbakkeløp i Vistdal.

Kristine Hjellbakk Hole, idrettstalent frå Sunnylven IL både i langrenn, fotball og løping, viser storform. I helga var ho på langrennsamling med Storfjordlangrenn i Vistdal der motbakkeløpet Storenebba Opp var avslutning på samlinga. Der «banka» Kristine til og viste alle likegamle ryggen. I klasse K U16 kom ho i mål til suveren siger på 41.49, over to minutt føre Guro Eline Vollan, Tomrefjord IL. På dei neste plassane i klassa kom Live Johanne Vestre Røkke, Stordal IL, Vilde Lorgen Øvrebust, Stordal IL og Martha Eik, Tomrefjord IL.

13 år gamle Kristine Hjellbakk Hole var nest best i damer uansett klasse. Berre Benedikte Liepelt, Aureosen i K 40-49 var nokre sekund raskare med 41.32.

Klasse herrer vart vunne av Johan Bugge, Eidsvåg IL på 27.00 som er ny løyperekord.

Motbakkeløpet Storenebba Opp er 4.8 km. langt og stig 650 høgdemeter.

Kristine Hjellbakk Hole under premiering av Storenebba Opp (Foto privat)

Kristine Hjellbakk Hole under premiering av Storenebba Opp (Foto privat)

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380