Lokalnytt

Vil selje Bergly

Forsamlingslokalet Bergly er til sals.
Forsamlingslokalet Bergly er til sals.

Forsamlingslokalet Bergly i Sunnylvsbygda har stått ubrukt i mange år. No er det til sals.

På eit møte søndag kveld der ni personar møtte vart framtida til Bergly drøft. Forsamlingshuset som Sunnylvsbygda Kristelege ungdomsforeining fekk reist i 1903 har stått ubrukt i mange år og ingen har hatt ansvar for vedlikehald.

Inge Bjørdal var ein av dei som var på møtet og drøfta kva som må skje.

-Vi må gjere noko og konklusjonen vart at vi vil prøve å selje huset. Å reparere vil koste pengar, men kassa til ungdomsforeininga er tom. Tomten vart i si tid gjeve av alle grunneigarar på Frøysa, høgtideleg underteikna av alle. Huset kan nyttast til same føremål som tidlegare, men om det skal byggjast om til bustadhus kjem ein i konflikt med rasfåre. Området der huset står er som mange andre stadar raud sone. Der manglar innlagt vatn og der er heller ikkje avløp. fortel Inge Bjørdal.

No ventar Stranda kommune folk frå NVE i haust som skal sjå på terreng og områder i kommunen for eventuelt å få lempe på restriksjonane. Området ved Bergly er eitt av områda vi håper kan få endra status, seier Bjørdal.

Bjørdal håper at nokon kan tenke seg å kjøpe huset. Pengane frå eit sal skal gå inn i vedlikehald av Sunnylvsbygda Grendahus på Hauge.

 

Salsopplysningar:

Bakgrunn: Forsamlinghuset Bergly på Frøysa kan vere aktuelt for sal. Grunnen er at bygda no har eit forsamlinghus (Sunnylvsbygda grendehus på Hauge) som er godt i standsett, og det er ikkje lenger behov for forsamlinghus andre stader i bygda.

Bruk: Vi ser for oss at dette huset kan brukast til fritidsføremål (bruksendring).

Storleik på tomta: Ca. 1,2 dekar.

Vatn og avlaup: Det vil vere relativt enkelt å kople seg til vassverket på Frøysa. Avlaup er også mogleg å få til (separat anlegg).

Tilstand på huset: Det ligg føre ein rapport om tilstand og vurdering av bygget av Jens Peter Ringstad (arkitekt ved Fylkesmannen) etter synfaring i 2014.

Ta kontakt med underskrivne for meir utfyllande opplysningar:

Inge Bjørdal, tlf. 464 11 023

repr. for arbeidsgruppe, Bergly

Bilde viser det store møterommet i Bergly innvendig
Bilde viser det store møterommet i Bergly innvendig

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380