
Ved starten av kommunestyremøte i Storfjord kulturhus vart lærar i Stranda kulturskulen Askjell Molvær overrekt Kommunenes sentralforbund sitt heidersbevis.
Askjell Molvær sluttar i Stranda Kulturskule etter 30 år i teneste. Ved starten av kommunestyremøtet 2. september og med heile kommunestyret som tilhøyrarar fekk 68-åringen mange gode ord frå ordføraren Jan Ove Tryggestad som overrekte KS sitt heidersbevis.
Askjell Molvær er busett i Langevåg og har pendla til Stranda i 30 år og til undervisning for elevar både på tangent –og blåseinstrument. Pendlinga i tre ti-år utgjorde 150.000 kilometer, eller ei reise fire gonger rundt jorda, hadde ordføraren rekna ut. Molvær har i tillegg til jobben i kulturskulen også vore aktivt med i andre samanhengar innan musikklivet i kommunen, sa Jan Ove Tryggestad.
Askjell Molvær takka så mykje for heidersutmerkinga. –Eg har aldri grua meg til å reise til Stranda, men gleda meg til å møte og jobbe saman med elevane, sa Molvær og fekk ståande applaus frå Stranda sine folkevalde.
Askjell Molvær og sju andre lærarar frå Stranda kulturskule opna kommunestyremøtet musikalsk med å spele «Augustblomen».