Avslutta med tur til Blomberg

Kjell Løseth til høgre og Odd Normann Hoff tok turen til Blomberg saman med fleire på søndag.

Kjell Løseth til høgre og Odd Normann Hoff tok turen til Blomberg saman med fleire på søndag.

Søndag 20. september inviterte Storfjordens Venner til den femte og siste fotturen denne sommaren. Turmålet var garden Blomberg i Geirangerfjorden.

Berre 31 deltakarar var med på den siste fotturen som Storfjordens Venner arrangerte i år. Tidlegare turar med organisasjonen har gått til Åkneset, Kvernhusneset/Kastet, til Skrenakken og Furneset. Best besøkt var turen til Åkneset med rundt hundre deltakarar, fortalde Merete Løvoll Rønneberg. Om det blir liknande turopplegg neste år var usikkert. Til dei fleste stadane er ein avhengig av båtskyss, så då spelar økonomi ei avgjerande rolle.

Syltavika i Geirangerfjorden

Syltavika i Geirangerfjorden

Svingete og bratt

På søndag var skyssbåten «Geirangerfjord» hyra inn til å frakte turdeltakarar frå mange av bygdene langs Storfjorden fram og tilbake. Turleiar var Merete Løvoll Rønneberg og guide på turen til Blomberg var Odd Normann Hoff.

På land i Syltavika fortalde han om livet på strandsitjargarden både sommar og vinter. Det var også historier frå dagleglivet til Peder og Nils, to brør som var dei siste som dreiv garden her.

Storfjord-venene heldt fram turen opp den bratte og svingete råsa til Blomberg. Det er sagt at der er 28 svingar på turen opp, men der er nok fleire, trur vi. Fleire stader er råsa utbetra etter «besøk» av naturkrefter og meir må nok gjerast etter kvart.

Bratt rås til Blomberg

Bratt rås til Blomberg

Interessant historie

Etter vel ein times gange var alle oppe på innmarksbøen på Blomberg. Eit imponerande utsyn og ei sjeldan vakker naturoppleving å kome opp her høgt over Geirangerfjorden. At graset var slege minst ein gong i sommar, er god skjøtsel.

Også her, 458 meter over fjorden tok Odd Normann Hoff ordet og informerte. Som god pedagog doserte han både lærerikt og interessant om personar og garden si historie. Spesielt forteljingar frå livet til Syltevik-Sylfest fekk fram latteren hos dei tretti.

På Blomberg fekk alle sjå inn i låven og i stovehuset der også dronning Sonja har overnatta. Blomberg vart restaurert i 94 -96 og har samla kosta 2.5 mill. kroner, vart opplyst.

 

Venner 4

Professorat

-Dette er ei av dei fine perlene i smykkekjedet til Storfjordens Venner, var leiar Kjell Løseth samd i. Og restaurerte, vakre perler har det som kjent blitt mange av i løpet av organisasjonen si 40-årige historie.

På båtturen tilbake til Hellesylt takka Løseth for frammøte der han trekte fram spesielt Merete Løvoll Rønneberg og Odd Normann Hoff. –Odd Normann er professor i Storfjorden. Eg trur eg deler ut eit professorat til han her og no, sa Løseth.

Om det blir liknande turar med Storfjordens Venner neste år var usikkert. No skulle opplegget evaluerast fyrst.

Frå Blomberg er eit imponerande utsyn over fjord og fjell.

Frå Blomberg er eit imponerande utsyn over fjord og fjell.

Sentrale personar på turen, her frå heimreis frå Syltavika, frå venstre Kjell Løseth, Merete Løvoll Rønneberg og Odd Normann Hoff.

Sentrale personar på turen, her frå heimreis frå Syltavika, frå venstre Kjell Løseth, Merete Løvoll Rønneberg og Odd Normann Hoff.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380