Bonde frå Hellesylt i «God morgen Norge»
Nyleg kunne mange lese eit dikt på facebook som Karl Kristian Langeland skreiv om far sin John Arne. Diktet vart fanga opp av mange, også TV 2.
John Arne Langeland er pensjonert sauebonde frå Hellesylt i Sunnylven etter eit aktivt liv med tunge tak i yrket gjennom mange år. Deler av yrkeshistoria sette sonen, NRK-journalist, no medierådgjevar i Senterpartiet ned på papiret på rim og verseform.
Diktet vekte interesse mellom fleire media, både dagsaviser og i TV 2. Nyleg sende TV-kanalen ein fotograf til garden på Langeland for å følgje og filme John Arne som framleis er aktiv i det daglege arbeidet. Han har etterpå fått beskjed om å kome til studio i Oslo og i morgon torsdag 3. september blir sauebonden å sjå på direktesendt TV i programmet «God morgon Norge».
Diktet som svært mange har delt på facebook kan du lese her:
I dei bratte bakkar med riva i hand,
finns det ein mann som framleis held stand.
Lengje har han fått høyre at han er alt for dyr,
at det kostar for mykje å drive med sau og kyr.
Han har fått høyre at han er for liten, at han driv for smått,
og at alt som kjem frå utlandet er billegare og minst like godt.
Dei seier han er lat, at han klagar og syt, dei seier at han pengar ut av statskassa snyt.
Men han held fram som før, har ikkje tid til å høyre på slikt,
han har mykje som skal gjerast, han ser det som si plikt.
For til tross for dei mange vonde og usanne ord,
veit han at dei alle treng mat på sitt bord.
Riva den går og han kjenner sveitten i panna si,
men han tenkjer på deg, din velferd og på framtida di.
Han er tidleg oppe og som regel seint i seng,
det kostar både tid og tolmod å stelle dyr og eng.
Han kavar og slit sjølv om lommeboka aldri vert feit og stinn,
eg skulle ynskje fleire tenkte slik som pappaen min.