18. mai 2026

Eventyrdykk med Guri Aasen

Engasjert og med innleving fortalde Guri Aasen eventyr for store og små.
Engasjert og med innleving fortalde Guri Aasen eventyr for store og små.

I Peer Gynt Galleriet på Hellesylt var 50 unge og eldre samla på laurdag for å vere med forteljar Guri Aasen på ei reise gjennom eventyr og andre spanande segner.

Forteljar Guri Aasen driv si eiga verksemd ho har kalla Vestafor Måne der ho formidlar segner, eventyr og andre opplevingar med sin forteljarkunst. Det blir djupdykk blant mystiske vesen, men også eventyr litt meir dramatisert og utmåla enn dei er kjende frå eventyrbøker.

-Skulesekken-

I desse dagar reiser Guri Aasen rundt på skular i kyststrøk og formidlar fiskarhistorier og andre segner frå livet ute ved havet som lekk i den kulturelle skulesekken. Laurdag gjorde ho ein avstikkar inn i det indre fjordlandet til Hellesylt der ho ferierte i mange år som barn. Frå ho var fire til åtte år var Hellesylt og Grand Hotell fast feriestad for henne og familien hennar. Ho er oppvaksen i Hovdebygda og turen over Bondalseidet, ferje frå Sæbø til Urke og turen gjennom Norangsdalen var eksklusivt.

Brua og fossen

Eventyrstunda på laurdag vart innleia med minner frå feriane på Hellesylt der ho huska godt dei to hotelldirektørane på Grand hotell, Ringdal og Frøysadal, turar til badestranda, brua, der ho var sikker på at eit troll budde under, den store fossen, og dei to damene på bokhandelen med det kvite håret. Dei var nesten som englar tykte ho å huske. Under ferieopphaldet vart det også ein tur med ferja til Geiranger og tilbake, og ho fekk seg gode veninner på Hellesylt, Randi og Ingjerd.

Spanande fortalt

Å fortelje eventyr i lag med slike som dokke er av det kjekkaste eg veit, sa Guri før ho opna «skrinet med det rare i». Ut frå små ting der vart det ei forteljarstund som målbatt spesielt dei minste. Ikkje alt som Guri Aasen har med i si forteljarverd er kjent frå eventyrbøker. Også nye historier og måten dei blir fortalt på, både om troll, dyr og andre skapningar kan verte minst like spanande, og det vart dei i Peer Gynt Galleriet laurdag.

Dei frammøtte sette pris på besøket av forteljaren som hadde teke turen frå Fosnavåg til Peer Gynt Galleriet på Hellesylt.

Guri Aasen er utdanna forteljar frå høgskulen i Oslo og har dei siste ti åra arbeidd profesjonelt gjennom Forteljeriet Vestafor Måne, både som utøvar og kurshaldar.

Forteljarstunda sama rundt 50 i Peer Gynt Galleriet.
Forteljarstunda sama rundt 50 i Peer Gynt Galleriet.
Guri Aasen opnar skrinet med det rare i.
Guri Aasen opna skrinet med det rare i.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →