Lokalnytt

Fanga stamlaksen i Korsbrekkeelva

Arne Korsbrekke plukka ut dei beste fiskane. Til venstre leiar i elveeigarlaget Glenn Wernersen.
Arne Korsbrekke plukka ut dei beste fiskane. Til venstre leiar i elveeigarlaget Glenn Wernersen.

Tysdag jakta ivrige laksefiskarar etter stamlaksen i Korsbrekkeelva. Og fangsten vart god, det bobla i vatnet då kastenota vart hala i land i Steimshølen.

Dei kom frå Sykkylven og Volda for å hjelpe elveeigarar i Korsbrekkeelva med å fange inn stamlaksen tysdag. Den gode laksestamma som siste sommar gav over 1800 kilo oppfiska laks skal førast vidare.

-Vi skal avle fram 100.000 laksebarn for utsetjing neste sesong, same antall som tidlegare. Det fyrste forsøket etter stamlaks gav oss 12 hofiskar og ein hannlaks så vi må nok gjere fleire kast. For å nå det talet yngel vi har sett oss må vi ha rundt 15 hofisk og nesten like mange hannfiskar. Det sa Glenn Wernersen, leiar i Korsbrekkeelva elveeigarlag etter at stamlaks frå haustens fyrste notkast var frakta til store vasskummar der dei skal leve livet fram til stryking.

Det var mykje fisk i Steimshølen tysdag kveld. I det eine notkastet var rundt 40 fisk. Arne Korsbrekke, mister stamlaks sjølv i Korsbrekkeelva sorterte med hard hand. Berre dei største fekk spesialtransport i striesekkar til vasstankane like ved. Dei hadde alle ei vekt på 10.0 – 12.0 kilo, meinte han.

-Laksen kunne ha gått lenger i Korsbrekkeelva for å bli gyteklar. Før var det vanleg å ta opp stamlaksen i slutten av oktober. Men med ein freda oterbestand som «fiskar» brutalt om han får lov kunne mykje stamlaks ha gått tapt. Difor sikrar vi oss mest mogleg fisk alt no, sa Glenn Wernersen. Så langt i haust har ikkje oteren vist seg.

Her blir kastenota trekt over elva i Steimshølen.
Her blir kastenota trekt over elva i Steimshølen.
Notkastet var vellukka, heile 40 fiskar var med til land.
Notkastet var vellukka, heile 40 fiskar var med til land.
Ein "sterk" og flott hannfisk.
Ein «sterk» og flott hannfisk.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380