Fest i «berget det blå»

Fire sentrale personar på røysa i tunnelen. Frå venstre Ola Langset, Oddbjørn Bakås, Oddbjørn Pladsen, Oddbjørn Vatne.

Fire sentrale personar på røysa i tunnelen. Frå venstre Ola Langset, Oddbjørn Bakås, Oddbjørn Pladsen, Oddbjørn Vatne.

Onsdag 16. september var det gjennomslag inne i nye Ljøtunnelen. Hendinga vart feira med marsipankake, kaffi, brus og andre blanke dråpar inne i fjellet.

Ei ny side til neste utgåve av bygdeboka vart skrive onsdag 16. september 2015. Då vart den siste salva i nye Ljøtunnelen fyrt av og gjennomslag inne i fjellet på den 3650 meter nye, lange samferdselsåra frå Ljøen til Herdal var eit faktum.

Til stades under den historiske hendinga var arbeidarar og andre representantar frå entreprenøren Skanska, frå Statens Vegvesen, politikarar og presse.

Singel og småstein

Det var skytebas Oddbjørn Bakås som tende den siste ladninga inne i fjellet, slik han gjorde 5. juni 2014 då den fyrste smellen og arbeidet på Ljøtunnelen starta. Siste sprenging kunne både høyrast og merkast med skjelving i bakken utanfor tunnelen på Herdal. Det fem meter djupe berget som stod igjen vart til 700 kubikk singel og småstein og dermed var gjennomslaget eit faktum.

Arbeidet har gått utan uhell av noko slag sjølv om det har dukka opp visse utfordringar. Parti med dårleg fjell og ikkje minst mykje vatn har periodevis bydd på problem og senka arbeidet litt, sa Bakås til hellesylt.info.

Injeksjon

Men moderande tunnelbygging taklar dei fleste problem. Injeksjon av fjell er ein effektiv måte å stoppe vasslekkasjar på. Det blir bora hol i fjellet og sprøyta inn betong under høgt trykk. Under bygginga har det gått med 325 tonn betong, sprøyta inn med 60 bar`s trykk. Og det er brukt 9000 kubikkmeter sprøytebetong og 20.000 boltar for å tette og sikre fjellet inne i tunnelen, fortalde geolog Svein Parr.

Den nye Ljøtunnelen har imponerande dimensjonar. Breidd og høgde minner mest om ei stor fjellhall heile vegen og i tillegg er der skote ut store snuplassar.

Ola Langset i Skanska fortalde at det er frakta ut 29000 semitrailerlass med steinmasse. Han rosa alle arbeidarar og takka alle som har jobba på anlegget, dei hadde gjort ein kjempejobb, sa han.

Fantastisk arbeid

Oddbjørn Vatne er avtroppande leiar av samferdselsutvalet i Møre og Romsdal. Under ei kort helsing på steinrøysa to kilometer inne i Ljøtunnelen sa han seg glad for at fylkesveg 60 Hellesylt – Røyr no vart rastrygg. –Det har kosta over ein milliard kroner, men å ha ein rastrygg veg er verd pengane. Og neste veg er til Geiranger, vi skal passe på at vegbyggarar ikkje blir arbeidslause for mange vegstrekningar treng utbetring. Eg brukar å seie det slik at Vår Herre bygde ikkje landet ferdig, sa Oddbjørn Vatne og retta stor takk til entreprenør og Statens Vegvesen for fantastisk arbeid.

Hjelmen nesten av

Takka gjorde også ordførar Jan Ove Tryggestad frå Stranda kommune. –Den rastrygge vegen vil vere eit stort gode for næringslivet som får varene trygt ut og råstoff trygt tilbake, og ikkje minst er det godt for alle andre som brukar vegen dagleg. Eg er nesten frista til å ta av meg hjelmen i ærbødigheit for arbeidet og alle som har utført det, men det kan eg ikkje for då bryt eg sikkerheitsreglar som gjeld her, sa han. Ordføraren gleda seg til opninga som truleg blir før jul i 2016. Ei hending som må bli ein folkefest med eit hundreårets julebord, sa ordførar Tryggestad.

Moderande tunnel

Etter offisielle talar og fotografering på den nemnde steinrøysa inne i tunnelen, var det servering av marsipankake, kaffi, brus og anna blank drikke.

Ljøtunnelen er 3650 meter lang, og går i sving ti meter under vegbana i den gamle. Det blir ein topp moderande tunnel, utstyrt for radio, mobil, lys, ventilasjon og mykje meir. Prosjektleiar er Arne Ola Stavseng, og Skanska har hatt hovedentreprise på sprenging og uttransport av steinmasse. I alt 80 personar har hatt sitt arbeid på skift i samband med tunnelarbeidet.

Frå venstre ordførar Jan Ove Tryggestad, skytebas Oddnjørn Bakås, anleggsleiar Arne Ola Stavseng.

Frå venstre ordførar Jan Ove Tryggestad, skytebas Oddbjørn Bakås, prosjektleiar Arne Ola Stavseng.

Gjenomslaget vart markert på fleire måtar, også med servering av marsipankake.

Gjenomslaget vart markert på fleire måtar, også med servering av marsipankake.

Også litt blankt i glasa høyrer med på slike dagar

Også litt blankt i glasa høyrer med på slike dagar

Samling på steinrøysa av arbeidarar, leiing, politikarar og andre gjester.

Samling på steinrøysa av arbeidarar, leiing, politikarar og andre gjester.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380