Flinke lesarar

Flinke lesarar samla i lokala til Sunnylven Bibliotek.

Flinke lesarar samla i lokala til Sunnylven Bibliotek.

Tysdag var det premiering og kakefest på Sunnylven bibliotek for sytten unge og ivrige boklesarar.

I Stranda og rundt om i landet har born frå 1. til 7. klasse fått tilbod om å vere med på lesekonkurransen «Lesesommar 2015». Det starta opp 16. juni og varte fram til 1. september. Tysdag denne veka var det premiering og kakefest for sytten leseglade born frå Sunnylven skule.

For å bli premiert og i tillegg vere med i trekning av tre bokpremiar og eit gåvekort på 300.- kroner måtte kvar lese minst fem bøker, teikneseriar eller dei kunne høyre på lydbøker, fortalde styrar ved Sunnylven bibliotek Marit Ljøen. Det var ikkje eit krav at lesestoffet skulle vere lånt på biblioteket.

Notert på skjema

«Lesesommar 2015» hadde hatt veldig stor oppslutning på Hellesylt, tykte Marit Ljøen. Alle sytten hadde levert inn skjema der dei hadde notert ned det dei hadde lese.

Tysdag var alle invitert til avslutning der premien til kvar var ein blå JoJo. Dei tre bokpremiane gjekk til Linus Frøysa, Kristine Hjellbakk Hole og Sara Sæther. Boksjekken på 300.- kroner på Stranda bokhandel vann Tonje Støverstein.

Også mange foreldre møtte fram på Sunnylven bibliotek tysdag der alle fekk seg servert sjokoladekake, kaffi og saft.

Desse var med på «Lesesommar 2015»:

Sara Sæther, Sigrid Imilie Førde Røyrhus, Nikoline Frøysa Hellebostad, Amalie Sporstøl Ravelo, Sune Frøysa, Simen Frøysa Hellebostad, Ida-Susann Tronstad, Emil Frøysa, Anna Kristine Storstein Forbord, Bertine Lade, Natalie Trøen Frøysa, Johanne Sæter, Tonje Støverstein, Linus Frøysa, Ronja-Mari Tronstad, Adrian Sporstøl Ravelo, Kristine Hjellbakk Hole.

Lesarar 2

Også gode kaker og saft høyrer med på premiefestar.

Også gode kaker og saft høyrer med på premiefestar.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380