Fornyar turrås mot Ljøbrekka
Utbetring av turvegen frå Ljøen mot Ljøsætra er i gong. Spønhaugen om lag halvvegs er målet i haust.
To sherpaer frå Nepal og ein polsk gravemaskinkøyrar er i arbeid med utbetring av råsa frå fylkesveg 60 på Ljøen og oppover. Den Trondhjemske postvei fekk god fornying på Herdalsida i fjor og no er det stigninga vend mot fjordane og fjella i verdsarvområdet som står for tur.
Veret har så langt vore bra og det er røynde folk i slikt arbeid som er hyra inn. Det går godt, seier dei tre som smiler og skryt av utsikta frå arbeidsplassen. Dei har laga murar av stein, renska grøfter og flata ut råsa over ei lang strekning alt på vel ei veke.
Det er Ljøbrekkas vener som er oppdragsgjevar for det viktige arbeidet som no blir gjort. Å ta vare på ei mykje nytta turrås er viktig. Utsikta kan knappast bli meir imponerande på fine dagar med landskap av fjordar, snøpynta fjelltoppar og flora av stor variasjon.
Arbeidet med utbetring av Den Trondhjemske postvei kunne ikkje vente lenger. Fleire stader var råsa blitt til eit bekkefar og murar heldt på å rase ut. Men som ved så mange andre tiltak er det økonomi som er bremseklossen også for Ljøbrekkas vener.
Veneforeininga håper at pengane dei no har rekk til Spønhaugen, om lag halvvegs til Ljøsætra, har leiar Petter Hjørungdal uttala tidlegare. Organisasjonen håper på enno fleire medlemer enn dei vel hundre som er med til no, og gjerne tilskot om nokon ynskjer å støtte det viktige arbeidet.