Lokalnytt

Gjennomslag i Ljøtunnelen onsdag

Tunnelopning på Ljøen.
Tunnelopning på Ljøen.

Onsdag 16. september blir ein ny merkedag for rassikring av fylkesveg 60 Hellesylt – Røyr. Då blir det gjennomslag i den nye Ljøtunnelen.

Frå 5. juni 2014 har det blitt arbeidd frå både Ljøen og Herdal på den 3650 meter lange og nye Ljøtunnelen. Onsdag 16. september blir siste salve fyrt av klokka 15.00, fortel geolog Svein Parr ved anleggskontoret på Hellesylt.

Presse er invitert til å vere til stades onsdag saman med representantar frå entreprenør, vegvesenet og politikarar. Etter oppmøte og orientering på Herdal blir det tur inn i tunnelen til kake, kaffi og diverse.

Steinmassane frå den nye Ljøtunnelen har blitt nytta til bygging av rasvollar på Røyr, og mykje er køyrd på lager fleire stader. Tunnelen er venta å bli opna til vinteren 2016 / 2017.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380