Lokalnytt

God start på hjortejakta

Hjort-Hauge A

Etter berre to dagar av hjortejakta har Langedalen hjortevald skote til saman 17 hjortar.

Hjortevaldleiar John Langeland rapporterer om god jakt i Langedalen. Frå alle områder av hjortevaldet med unnatak av Nybø og Ringdal blir det rapportert om skotne dyr. Største hjorten var litt over 100 kilo og felt på Tryggestad/Lillebø, men også fem små, såkalte skrapedyr er skotne.

Såkalla skrapdyr reduserer ikkje jaktvaldet sine fellingsløyver. Vekt for hjort som blir rekna som skrapdyr er, 20 kg. for kalvar, 43 kg. for inntil 1.5 år gamle dyr og 53 kg. for eldre dyr.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380