Lokalnytt

Godt fiske i Korsbrekkeelva

Per Brustuen med årets største i Korsbrekkeelva 16. august på 14.0 kilo
Per Brustuen med årets største i Korsbrekkeelva 16. august på 14.0 kilo

Ein nøye ført statistikk viser at laksefiske i Korsbrekkeelva i sommar var av det beste på mange år. Totalt vart det fiska 1830 kilo.

Det er mange år sidan vi hadde ein så god sesong i Korsbrekkeelva som i år. For tre, fire år sidan var det også godt fiske, men ikkje 1830 kilo, seier elveeigar Ole Ragnar Korsbrekke. Saman med Arne Korsbrekke har dei registrert og ført statistikk over fisket i Korsbrekkeelva. Sluttresultatet av antall fiska pjakk, laks og ørret vart av det beste på fleire sesongar. Ei årsak til det flotte resultatet trur Ole Ragnar Korsbrekke skuldast sein snøsmelting og jamn, god vassføring i elva heile sommaren.

Korsbrekkeelva er kort, men resultatet var godt og positivt. Einaste minuset er at ørreten nesten er borte. Berre 30 ørret, den største på 6.0 kilo er mindre enn i tidlegare sesongar, seier Ole Ragnar Korsbrekke.

Statistikken frå fisket viser fangst kvar veke frå fisket starta 1. juni til sesongslutt 30. august. Her kjem det fram antall fiskar, storleik og totalvekt oppfiska av pjakk, mellomlaks, storlaks og ørret.

Fyrst i veke 24, andre veke av sesongen vart fyrste pjakk fiska og den vog 2.7 kilo. Det vart fiska 276 pjakk med samla vekt 475.5 kilo.

Mellomlaks frå 3.0 til 7.0 kilo er registrert med 195 fiskar og 945.4 kilo.

Av over 7.0 kilo er registrert 45 stk. og samla vekt 352.1 kilo. Per Brustuen frå Lillehammer vart «storfiskaren» i Korsbrekkeelva denne sesongen med laksen han tok i Fløtehølen og som vog 14.0 kilo.

Av den siste gruppa i statistikken som er ørret vart det landa 30 fiskar som til saman vog 46.1 kilo.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380