Hausttakkefest i Sunnylven kyrkje

Barnehage og skuleelevar kom i prosesjon med sortar av årets grøde.

Barnehage og skuleelevar kom i prosesjon med sortar av årets grøde.

Det meste av årets avlingar er kome i hus. Søndag var det gudsteneste med hausttakkefest i kyrkja.

Sunnylven Bygdekvinnelag hadde pynta vakkert i Sunnylven kyrkje då mange samla seg til gudsteneste med hausttakkefest søndag. Gudstenesta opna med prosesjon av barnehage og 3. og 4. klasse ved Sunnylven skule som alle bar med seg korger fylt med grøde frå årets innhausting. Der var rotvekster som potet, gulrot, kålrot, persille og frukt av plomme, eple, bær og mykje anna. Eit godt år med fine avlingar frå både jorda og frukttre det var verd å takke for.

Under gudstenesta medverka både skuleborn med framføring av bøner, ungdomskoret Joyful song som alltid inspirerande og vakkert der Inger, Johanne, Sigrid Imilie og Kristine var solistar, og konfirmantar tok del under utdeling av nattverd. Gudstenesta var ved sokneprest Stein B. Karstensen og på orgel og piano spela Lars Kvam Karbø.

Borna tok del med songen," Jeg har laget et hjerte å stort og rødt". Eksempla viser på søylene.

Borna tok del med songen,» Jeg har laget et hjerte å stort og rødt». Eksempla viser på søylene.

Ungdomskoret Joyful var også med under hausttakkefesten.

Ungdomskoret Joyful var også med under hausttakkefesten.

Korger med grønnsaker og frukt vart bore inn og plassert ved altarringen.

Korger med grønnsaker og frukt vart bore inn og plassert ved altarringen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380