16. april 2026

Herd vann stort

Sandra Kammen si heading strauk over mål, største sjansen til heimelaget mot Herd.
Sandra Kammen si heading strauk over mål, største sjansen til heimelaget mot Herd.

Stranda/Sunnylven møtte Herd i seriekamp på Hellesylt stadion tysdag kveld. Det vart braktap 10-0 (6-0) for heimelaget.

Herd var minst ein divisjon betre enn Stranda/Sunnylven i denne kampen. Men det gjekk likevel tretten minutt før gjestane hadde sikta inn skota mellom aluminiumsstengene. Deretter kom det fem nye skåringar i løpet av femten minutt og det stod 6-0 til Herd ved pause.

Heimelagt var aldri fårlege for gjestane i blått og kvitt, det meste dreia seg om å forsvare seg i fyrste omgang. Sandra Kammen hadde sjansen på slutten av fyrste halvdel, men heedinga etter frispark gjekk over mål.

To-sifra til slutt

Andre omgang vart som fyrste, Herd spela ball medan heimelaget forsvara seg heroisk, og storskårar til Stranda/Sunnylven, Kirsti Frøysadal Hauge vart åleine mot tre, fire ballsikra damer i Herd-forsvaret. Det vart i staden gjestane som auka leiinga og før domar Jonny Dyb, Godøy IL bles for full tid var fire nye skåringar til by-laget registrert på lystavla, to av dei kom heilt på slutten i løpet av to minutt tilleggstid.

Herd var best og blir nok serievinnar 3. divisjon kvinner på Sunnmøre i år.

Stranda/Sunnylven stilte dette laget: Lillian Aasheim, Ingeborg Opshaug, Vilde O. Hjelle, Andrea Lie Kirkhorn, Hanne Vangen, Christina Holmberg, Amalie Birkhol, Sofie Sve, Sandra Kammen, Emilie Brekke, Kirsti Frøysadal Hauge.

Innbyttarar: Hanne Gjærde, Linn Kammen, Anne Lise Lødøen Helset, Silje Stadheim, Hege Ringdal

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →