«Humørbonde» til Storfjord kulturhus

Geir Styve var lei av ordet sutrebonde. No er han humørbonde frå Hjelmås.

Geir Styve var lei av ordet sutrebonde. No er han humørbonde frå Hjelmås.

«Humørbonde» Geir Styve kjem til Stranda og Storfjord kulturhus måndag 21. september.

Geir Styve var lei av å lese ordet «sutrebonde» i media. Han vart inspirert av Werner Finck sin definisjon av ordet «humør» -som per definisjon betyr «å overvinne fortviling med muntre midlar».

Geir Styve tok titelen «humørbonde» i 2003. Han er ein stadig meir etterspurd kurshaldar og inspirator som kjem frå humørbygda Hjelmås i Hordaland. «Humørbonden» er oppteken av å mobilisere og skape betre bygder. Han ynskjer å kverke bygdedyret og fortel korleis ein kan realisere idear.

«Med hjarte for levande bygder».

Arrangør på Storfjord kulturhus er rekrutteringsprosjektet «Med hjarte for levande bygder», eit samarbeidsprosjekt mellom kommunane Sykkylven, Norddal og Stranda. Måndag 21. september inviterer dei alle som er glade i bygda si, som vil at noko skal skje og treng hjelp til å blåse vind i eigne segl. Også tidlegare har dei skipa til felles arrangement for -å skape entusiasme og legge grunnlag for nytenking og utvkling i bygdenæringar, eller rett og slett berre kome saman for å lage «samrøre» i ein travel kvardag.

Møt opp på Storfjord kulturhus til ein kveld med gode historier, inspirasjon og humør. Foredraget er gratis. Sjå aktivitetskalendar.

Møt Geir Styve i Storfjord kulturhus.

Møt Geir Styve i Storfjord kulturhus.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380