Ingen vil eige Hellesylt Bygdetun

Stranda kommune er eigarar av Hellesylt Bygdetun, men ynskjer å overlate den kulturhistoriske eigedomen til andre. (Frå arkivet våren 2015)

Stranda kommune er eigarar av Hellesylt Bygdetun, men ynskjer å overlate den kulturhistoriske eigedomen til andre. (Frå arkivet våren 2015)

Ingen utanom Venneforeininga vil eige Hellesylt Bygdetun. Venneforeininga ved Bygdetunet har lagt fram utkast til avtale.

Onsdag 23. september vart det halde møte mellom stiftinga for Hellesylt Bygdetun og eigar Stranda kommune om framtida for Hellesylt Bygdetun.

Stranda kommunestyre gjorde på septembermøte vedtak om at administrasjonen skulle innleie drøftingar med stiftinga for Hellesylt Bygdetun om overtaking av eigedomen. Samstundes løyvde kommunen 50.000.- kroner til løn og revisjon ut 2015.

Til stades på møtet 23. september var økonomisjef og kommunalsjef oppvekst frå kommunen, og styreleiar Harald Sørheim frå stiftinga Hellesylt Bygdetun.

Stiftinga hadde søkt etter mulige lag og organisasjonar som kunne tenkje seg å overta ansvar og drift av det kulturhistoriske gardsmuseet utan hell. Venneforeininga ved Hellesylt Bygdetun var den einaste aktuelle, på visse vilkår.

Grunnlag for overtaking

På møtet la Harald Sørheim fram utkast til avtale med grunnlag som Venneforeininga hadde stilt for å overta som eigarar av Hellesylt Bygdetun.

1. Styret i Stiftinga Hellesylt Bygdetun ser Venneforeininga som einaste aktuell kandidat til overtaking av Hellesylt Bygdetun.

2. For å kunne oppfylle formålet i vedtektene for stiftinga er der eit behov på 120.000 kr til nøktern drift. Då er forsikring og forefallande vedlikehald inkludert. Driftskostnaden skal indeksregulerast. Hellesylt Bygdetun sine inntekter er avgrensa til renter av grunnkapital + falleige frå Ringdal Kraftverk. Styret ser då eit behov for kommunalt tilskot tilsvarande differansen mellom driftsutgifter og nemnde inntekter. Tilskot fell bort dersom storleiken på falleiga blir lik eller større enn driftsbehovet. Kraftverket si prognose for falleige i eit «normalår» med kraftpris på 35 øre/kwh er t.d 80.000 kr i 2017 og 120.000 kr i 2021 og med framleis stigande kurve.

3. Falleiga skal følgje overdraginga.

4. Grunnkapitalen skal reserverast til restfinansiering av kostnaden med gamlebygget og anna ekstraordinært vedlikehald på bygningsmasse og kulturlandskap.

5. Avtalen gjeld i 20 år utan rett til å seie han opp for nokon av partane.

6. Stranda kommune skal oppfylle sine plikter etter avtalen mellom kommunen og stiftinga, datert 19.06.2008, i samband med bygging av brannstasjon.

Ny politisk behandling

På møtet vart det antyda både av administrasjon og ordførar at saka må opp til politisk behandling igjen før endeleg avgjerd.

 

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380