Intimkonsert i Lensmannsstova!

Folkemusikktrioen MAAR som består av Britt Pernille Frøholm (fele), Ingrid Tillung (trekspel) og Ellen Brekken (kontrabass) held intimkonsert i Lensmannsstova.
Vi har henta dette frå facebook-sida til Lensmannsstova.
-MAAR blandar tradisjonsrik folkemusikk med eit nytt snitt av urban spontanitet, og greier med stor eleganse å formidle både rå energi, leik, kjensler og høgtid i låtane sine. Kombinasjonen av sterkt låtmateriale, gjennomarbeida arrangement og ei fri, improvisatorisk tilnærming gjev musikken eit spenn som fangar lyttaren på fleire plan-.
Mandag 28. september kl. 19.00 og kl. 21.00. Sal av kaffi og sveler.
Billett kr. 150. Pensjonistar kr. 100. Barn under 15 år går gratis.
Påmelding til Synnøve Hjellbakk Hole 90951185
«Epleslang»
Både Britt Pernille Frøholm frå Hornindal og Ingrid Tillung frå Voss har halde konsertar på Hellesylt tidlegare, både i Lensmannsstova, på Sunnylven samfunnshus og med ein snarvisitt til Sunnylven omsorgssenter. Saman med Ellen Brekken frå Tynset er dei ute på ein musikalsk turne i haust der dei held til saman 16 konsertar dei har kalla «Epleslang».
Dagen etter konserten i Lensmannsstova på Lillebø er det konsert i Smia, Hornindal, før «epleslangturneen» går vidare til Oppstryn, Røros, Trondheim….