Jamn tilstrøyming til røystelokalet

Ordførar Jan Ove Tryggestad leverte sine stemmesetlar ved røystelokalet på Hellesylt. Rolf Arne Ljøen, Wenche Høgalmen Ringdal og Gunnhild Kvam såg til at det gjekk rett føre seg.

Ordførar Jan Ove Tryggestad leverte sine stemmesetlar ved røystelokalet på Hellesylt. Rolf Arne Ljøen, Wenche Høgalmen Ringdal og Gunnhild Kvam såg til at det gjekk rett føre seg.

Kommunestyre –og fylkestingsvalet er i gong. Røystelokalet på Hellesylt opna klokka 09.00.

Ordførar i Stranda, Jan Ove Tryggestad avla sine valrøyster på kommune – og fylkestingsval ved røystestaden på Hellesylt. Deretter skulle han ta seg til Ålesund og NRK-studio der han saman med fleire toppolitikarar skal følje oppteljinga frå valet ut over kvelden og natta.

I Stranda kommune er det varaordførar Svein Lunde og administrasjonen som ordnar oppteljing og innrapportering. Stranda kommune kan ha valresultatet klart så tidleg som rundt kl. 22.00 -22.30.

Leiar i røystestyre på Hellesylt, Stig Tryggestad kunne fortelje om jamt god deltaking ved valet frå morgonen av. Han ventar det store rusjet ved arbeidstid slutt på ettermiddagen.

På Sunnylven samfunnshus er det også høve til å stemme ved kyrkjevalet. Og veret i Sunnylven er godt på valdagen, mildt og lettskya.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380