Lokalnytt

Løyste siste trosse for i år

Ole Hjalmar Bonsaksen løyser trossa for siste gong i år.
Ole Hjalmar Bonsaksen løyser trossa for siste gong i år.

Cruiseskipet Boudicca var det siste til kai på Hellesylt i år.

Onsdag løyste Ole Hjalmar Bonsaksen trossa til det siste cruiseskipet på Hellesylt denne sesongen. Rundt klokka 13.00 la Boudicca ut frå Hellesylt kai mot Geiranger etter å ha besøkt staden i fire timar. Dermed var ein lang sesong over. Saman med Bente Bonsaksen, Roar Ljøen, Inge Hole, Arne Inge Tryggestad og nokre ferievikarar har dei teke mot 105 skip på Hellesylt i år, 82 av dei har lagt til ved kaia.

Og kaia har fungert strålande, ikkje eit einaste uhell av noko slag, fortalde driftsleiar i Stranda Hamnevesen Inge Hole. Han forventar enno fleire båtar til kai neste sesong då Mein Schiff-båtane har signalisert at dei vil legge til.

Litt godt, men også litt trist at sesongen er over vedgår Hole, og han har støtte frå resten av arbeidslaget på cruisekaia. Dei har eit ynskje for neste sesong , at det blir permanent ordning på vatn og straum. No er det ei provisorisk løysing på begge deler.

Fyrste båt i 2016 er Boudicca som var siste i år. Båten kjem igjen 8. mai

Bente Bonsaksen t.v., Ole Hjalmar Bonsaksen, Inge Hole og Roar Ljøen ser Boudicca legge frå kai som siste skip i år.
Bente Bonsaksen t.v., Ole Hjalmar Bonsaksen, Inge Hole og Roar Ljøen ser Boudicca legge frå kai som siste skip i år.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380