Naudnett i Norangsdalen

På Veslehammaren (Lisjehammaren) er master og sendeutstyr plassert
På Veslehammaren (Lisjehammaren) er master og sendeutstyr plassert

Teleoperatøren Motorola Norge har sett opp master og sendeutstyr på Veslehammaren i Norangsdalen. Sendaren kjem i drift med det første.

På Veslehammaren under Kalveskrednibba, mellom garden Haugen i Nibbedalen og Geilskredvatnet i Norangsdalen er utstyr for naudnettet sett opp. Stasjonen på knappe tusen meters høgd får el.forsyning gjennom nedgravd jordkabel og blir sett i drift i løpet av hausten. Mange håper at sendaren også får utstyr for mobiltelefonbruk.

Med ein sendar også på Skylstad vil naudnettet gjennom Norangsdalen vere komplett. Men lokalkjente i området er litt betenkt over å plassere sendeutstyr på Veslehammaren. Eldre folk fortel at i 1952 gjekk snøfonna stor og sterk ned etter heile dalsida. Det same skjedde midt på 70-talet, er oss fortalt.

Det blir grave grøft frå Haugen opp til naudnettsendaren for straumtilførsel.
Det blir grave grøft frå Haugen opp til naudnettsendaren for straumtilførsel.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380