Lokalnytt

Ny løysing for Hellesylt Bygdetun

23. september blir det nye drøftingar om framtida for Hellesylt Bygdetun.
23. september blir det nye drøftingar om framtida for Hellesylt Bygdetun.

Måndag denne veka hadde styret i stiftinga for Hellesylt Bygdetun styremøte. Vidare drift og økonomi var sak på møtet.

I siste kommunestyremøte vart det vedteke å løyve 50.000.- kroner til løn og revisjon ut 2015, og at administrasjonen skulle innleie drøftingar med stiftinga om eit eigarskifte av Hellesylt Bygdetun. Det er Stranda kommune som er eigar av Hellesylt Bygdetun etter at kommunen mottok garden Lillegjerdet som gåve i 1992.

Styreleiar for Hellesylt Bygdetun Harald Sørheim opplyser at han skal møte administrasjonen til drøfting 23. september for å prøve å finne ei løysing. Sørheim fortel at dei under styremøtet i stiftinga måndag kom fram til eit forslag som er litt endra frå det fyrste som stiftinga la fram for kommunen.

Dei faste inntektene som Hellesylt Bygdetun har er renter frå grunnkapitalen og fallrettsleige frå Ringdal kraftverk. I den nye skissa er fallrettsleiga ein viktig del av løysinga, seier Sørheim. Meir ynskjer han ikkje å kommentere saka før han har møtt administrasjonen i Stranda kommune.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380