Potetballdag og trimtur
I dag blir det siste potetballdag på Peer Gynt Galleriet i haust. Etter måltidet er det trimtur til Shellkaia.
Besøket under potetballdagane på Peer Gynt Galleriet har minka. I dag er det siste dag med sal av Vestlandsk tradisjonsmat for i haust, får vi opplyst. Litt synd , potetballmåltida på Peer Gynt Galleriet har vore både velsmakande og mettande, men skal slike tilbod halde fram, må det sjølvsagt vere lønsam drift. Salet må opp og då er det berre ein ting å gjere om publikum vil ha tilbodet; Møt opp og kjøp!
Trimtur
Kjøp gjerne stor porsjon potetball, for i dag torsdag kl. 17.00 kan alle som har lyst, store og små bli med på Sunnylven sanitetslag og trimgruppa i Sunnylven IL sin trimtur frå sentrum til Shellkaia på Korsbrekke og tilbake. Opplegget er for alle så bli med på spasertur i sosialt lag i saniteten si veke.
Tilboda er fleire på Hellesylt og i Sunnylven. Bli med, bruk dei, då får vi behalde dei.