11. april 2026

RØFF har haustaktivitetar klare

Linda Ludvigsen til venstre og Ellinor Fivelstad håper mange blir med i RØFF ut over hausten.
Linda Ludvigsen til venstre og Ellinor Fivelstad håper mange blir med i RØFF ut over hausten. (Foto frå arkivet)

Aktivitetsplanen for Røde Kors friluftsliv og førstehjelp (RØFF) er klar og har mange spanande aktivitetar.

RØFF Stranda har fast samlingsdag på tysdag og aktivitetane for medlemar startar med kanotur til Orreneset 15. september. To veker seinare, 29. september er det hjerte-lunge -redning , og i veke 42, den 13. oktober er det tur til Åseneset med fisking og grillkos. Same veke, laurdag 17. oktober blir det klatring i Valldal.

I veke 44, tysdag 27. oktober er det kart og kompass, 10. november står førstehjelp rundløype på planen, tysdag 24. november er det klatring, og i veke 50, tysdag 8. desember har RØFF juleavslutning med overraskelsesaktivitetar, står det å lese i eit omfattande og spanande program.

Oppmøtestad på aktivitetsdagane blir hovedsakleg på Røde Kors-huset på Stranda kl. 18.00. Når aktivitetane er på Hellesylt møter dei frå Stranda på Røde Kors-huset medan de frå Hellesylt møter på avtala stad.

-Håper Dykk ynskjer å vere med oss i RØFF og få nokre kjekke opplevingar, skriv dei to leiarane Ellinor Fivelstad og Linda Ludvigsen.

Sjå også aktivitetskalendar på hellesylt.info

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →