Samlar inn til klassetur

Roar Ljøen var ein av fleire som kjøpte vaflar av frå venstre Mathilde Tryggestad Forbord, Renate Hellebostad og Vanja Trøen Frøysa.

Roar Ljøen var ein av fleire som kjøpte vaflar av frå venstre Mathilde Tryggestad Forbord, Renate Hellebostad og Vanja Trøen Frøysa.

Elevane i 9. klasse ved Sunnylven skule skal på tur til neste sommar. Sal av nysteikte vaflar var eitt av tiltaka som skal finansiere turen.

Like utanfor Coop Marked på Hellesylt møtte vi tre av dei ni elevane i 9. klasse ved Sunnylven skule. Mathilde, Renate og Vanja selde rykande ferske vaflar og saft for å få pengar til klassetru neste sommar. Kvar reisa skulle gå var ikkje bestemt enno. Det var avhengig av kor mykje pengar dei fekk samla inn, så det kunne bli alt frå Spania til Stranda, vart det skjemta med.

Vi trur dei kjem seg lenger enn ein dagstur i eiga kommune, for kreativiteten for å skaffe reisepengar var god etter det vi fekk fortalt. Ut over hausten og vinteren skulle det blir fleire vafle-dagar, men også sal av andre ting som grønnsaksuppe. Og dei hadde tenkt å tilby bebuarar hjelp med både rydding og snømåking, eller andre små tenester, sa dei tre.

Vaflene var svært gode og salet gjekk godt så det vart nok ein god slump pengar i reisekassa alt på fredag.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380