Sauen «Ida» vel heime

"Ida" er vel heime med to flotte lam. Her får dei go`saker av bonden John Arne Langeland.

«Ida» er vel heime med to flotte lam. Her får ho og hennar artsfrendar go`saker av bonden John Arne Langeland.

I fjor vår kom Pål og Ida til verda i sauefjøset på Langeland i Sunnylven. Fødselen skjedde uten komplikasjonar og på direkte sending i ni-timen på NRK radio.

Bonde John Langeland var «jordfar» då dei to kjendislamma Ida og Pål kom til verda. Namna fekk dei fordi programvertane i ni-timen den dagen heitte Ida Kjøstelsen og Pål Thoresen.

Det vart eit lam av kvart kjønn som fekk namna Ida og Pål, fortel John Langeland. Sommaren 2014 levde dei to lamma glade dagar saman med morsauen i området Torskedalen/Steimsnibba og kom heim ut på hausten store og fine. Under sortering i saueflokken fekk Ida lov å leve vidare, men Pål han vart eitt av mange dyr som fekk si siste reise til slakteriet på Hellesylt.

Fårikål av Pål

Torsdag denne veka ringde Kjøstelsen og Thoresen, dei same programvertane til John Langeland for å frette korleis det stod til med dei to kjendissauene. Langeland kunne kome med både gode og triste nyheiter til dei to. Det gode var at Ida hadde blitt mor i vår og var koma heim frå fjellbeite med to flotte lam, men Pål var slakta for lenge sidan, han var nok hamna i ei eller anna fårikålgryte, meinte sauebonden.

Det tykte sjølvsagt Pål Thoresen var ei sørgjeleg historie. Trøsta frå sauebonden var at Ida skulle få leve vidare etter utveljing av livdyr og slaktedyr i haust, så kanskje kom ho med ein Pål junior til våren. Då steig humøret til ni-timeverten, for det håpa han ville skje.

Hovedsanking

Sauebonden på Øvsthaug på Langeland har planlagt hovedsanking til komande helg. Då vil flokken på heimebøen vekse frå 30 til rundt 100 dyr. John Arne er nøgd med storleik på lamma i år. Sjølv om våren var sein har vi fått det igjen på hausten med flotte, grøne beite høgt til fjells. Slaktevekta vil nok kome over 20 kilo i snitt og det er bra, seier John Arne Langeland.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380