Skular fekk gratis ferjecruise.

Mannskapet om bord i Veøy, frå venstre Trude Dale, Maria Lindvik, Christer Aspen, Kjell Øverland, Louis Solheim, Reidulf Maalen, Jan Olav Kristensen.

Mannskapet om bord i Veøy, frå venstre Trude Dale, Maria Lindvik, Christer Aspen, Kjell Øverland, Louis Solheim, Reidulf Maalen, Jan Olav Kristensen.

På siste dag med turistferje mellom Hellesylt og Geiranger fekk elevane ved Sunnylven skule og Geiranger skule gratis tur med servering på Verdsarvfjorden.

Ved avgang 9.30 frå Hellesylt onsdag gjekk rundt 70 elevar med lærarar frå Sunnylven skule om bord i turistferja Veøy, saman med fleire asiatiske bussturistar. Gamle, gode Veøy skulle gjere sine siste turar på fjorden denne sesongen, og det ønska mannskapet å markere med gratistur for skulane i endane av den kjente fjorden.

Naturfagtime

Det vart ein fin tur med svele og kakao spandert av vertskapet, og omvising i styrhuset for å sjå og få fortalt korleis ferja blir manøvrert. På øvste dekk innover Geirangerfjorden vart det samfunns -og naturfagtime på elevane frå Sunnylven skule med lærar Arne Ringdal. Han peika og fortalde om fjord og fjellgardar, om elvar, juv og livet til dei som budde der for nokre ti-år sidan. På heimreisa fekk elevane utdelt spørjeark der dei skulle svare på spørsmål kring det dei hadde blitt seg fortalt.

Lenger sesong

Kaptein om bord i Veøy var Reidulf Maalen, nordmøring med 54 år bak seg på sjøen. Også på fleire store cruiseskip på besøk til Hellesylt og Geiranger har Maalen jobba på. No hadde han sommarjobben sin om bord i Veøy.

Alt tydar på at The Fjords, selskapet som driv turistferjene på Geirangerfjorden har hatt ein god sesong. Spesielt har siste del vore svært bra. Det var ei tid snakk om å forlenge sesongen med eit par veker, fortalde han, men det blir ikkje noko av i år. Kanskje blir det lagt inn i rutehefta for neste sesong.

Prisstøy

Cruiseferjene kjem tilbake på Verdsarvfjorden også neste sesong, det var Reidulf Maalen sikker på. Før sesongstart vart det mykje snakk om auken i ferjetakstane som var opp mot 53.0 prosent, at den ville vere øydeleggjande for trafikkgrunnlaget, men slik gjekk det ikkje.

-Det blir alltid mykje støy når prisar blir aukar, også om det berre gjeld ein kopp kaffi, men auken har ikkje ført til redusert trafikk. Tvert om har trafikken i september vore svært god. Det kjem mange frå Korea og Kina som bussreisande, og andre tek fly til Norge og kjem med leigebil til området her-.

Elevane ved Sunnylven skule fekk seg ein kort rusletur i Geiranger sentrum før turen gjekk tilbake til Hellesylt. I Geiranger kom 20 elevar frå skulen der om bord i Veøy og blei med på ferjereisa fram og tilbake på Geirangerfjorden.

Fyrste og andre klasse ved Sunnylven skule klare for ferjecruise.

Fyrste og andre klasse ved Sunnylven skule klare for ferjecruise.

Resten av Sunnylven skule blir mottekne av kaptein Maalen.

Resten av Sunnylven skule blir mottekne av kaptein Maalen.

Omvising i styrhuset.

Omvising i styrhuset.

Samfunns -og naturfagtime i Geirangerfjorden.

Samfunns -og naturfagtime i Geirangerfjorden.

Litt trist, men også litt godt at det var siste dag denne sesongen, tykte Maria Lindvik t.v. og Trude Dale.

Litt trist, men også litt godt at det var siste dag denne sesongen, tykte Maria Lindvik t.v. og Trude Dale.

Om bord i Veøy fekk elevar og lærarar spander svele og kakao.

Om bord i Veøy fekk elevar og lærarar spandert svele og kakao.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380