Skuleval ved Stranda vidaregåande skule
Ungdomen ved Stranda vidaregåande skule har gått til valurna og sagt si politiske meining framfor kommunestyre og fylkestingsvalet.
I høve til resultatet for fire og for to år sidan er Høgre med 18.4 % den store taparen mellom elevane ved Stranda vidaregåande skule. Samanlikna med valet for fire år sidan er tilbakegangen på 12 %, og i høve Stortingsvalet heile 26.7 %. Framstegspartiet fekk 24.8 % ved skulevalet, fram 8.7 % samanlikna med 2011, men tilbake 7.5 % frå Stortingsvalet.
Stranda Senterparti gjer eit godt skuleval i år, 0.5 % mindre enn for fire år sidan, men fram heile 10.6 % samanlikna med valet i 2013.
Her er resultat frå skulevalet ved Stranda vidaregåande skule 3. september:
Framstegspartiet 24.8 %
Høgre 18.4 %
Senterpartiet 14.9 %
Arbeiderpartiet 7.8 %
Miljøpartiet Dei grøne 7.8 %
Piratpartiet 7.8 %
Sosialistisk Venstreparti 7.1 %
Venstre 5.7 %
Kristeleg Folkeparti 2.8 %
Pensjonistpartiet 2.8%
Seks partilister fekk null stemmer. 141 stemmer vart innlevert og deltakarprosenten var 89.6 %