Snart vegarbeid ved Vardegjølet

Statens vegvesen planlegg oppstart av utbetring på fylkesveg 80 ved Vardegjølet. Torsdag 10. september blir det informasjonsmøte.
Statens Vegvesen inviterer grunneigarar og andre vegfarande til informasjonsmøte om utbetring av vegen ved Vardegjølet i Berga mellom Frøysa og Hole, eit arbeid som truleg startar i haust. Møtet vert halde på Sunnylvsbygda Grendahus torsdag 10. september, og i tillegg til orientering om arbeidet ønskjer ein innspel frå trafikantane om moglege stengetider for vegen når anleggsarbeidet pågår, heiter det i innkallinga.
Sjå aktivitetskalender.