
SFE Nett har sendt inn søknad til NVE om konsesjon til bygging av ny 66 kV-linje gjennom Langedalen i Sunnylven. Den gamle 22 kV-linja skal bli ståande.
Formålet med tiltaket er primært å skaffe nettkapasitet til konsesjonssøkte og konsesjonsfrie småkraftverk i Hellesylt-området. Sekundært vil tiltaket avhjelpe på ein situasjon med høge overføringstap og tidvis dårlege spenningstilhøve, skriv SFE Nett innleingsvis i konsesjonssøknaden.
Det er skissert to alternative linjetraséar frå fylkesgrensa mot Sogn og Fjordane til Tryggestad der det blir etablert ein transformatorstasjon.
Det eine av alternativa for den nye linja er å krysse fv.60 over til nordsida ved Røyrhus bru, forbi skistadion i Hyttehola før den går over til austsida igjen og føl i skråninga forbi busetnaden på Tronstad.
Andre alternativ er tenkt på nordsida etter kryssing av fv. 60 ved Røyrhus bru, gå i dalbotnen forbi Kjellstad, krysse fv. 60 igjen om lag ved Fjelltun for på den måten å unngå eit rasfårleg område, heiter det.
Heile den nye linja vil bli på mellom 7.2 -8.4 km. avhengig av kva for ein trase som blir valt.
Ved Tryggestad / Lillebø skal det etablerast ein transformatorstasjon for innmating av eksisterande og ny småkraftproduksjon.
Samla byggekostnad for ny linje og transformatoranlegg er rekna til mellom 41 og 45 mill. kroner.