Sterke i Oslo Maraton

Kari-Anne Tryggestad Ryste sprang sin fyrste heile maraton laurdag.

Kari-Anne Tryggestad Ryste sprang sin fyrste heile maraton laurdag.

Kari Anne Tryggestad Ryste og Hans Kristian Stadheim som begge representerte Sunnylven IL gjorde sterke prestasjonar i Oslo Maraton laurdag.

Kari-Anne Tryggestad Ryste debuterte på heil maraton i Oslo laurdag. Og det gjekk unna på asfalt og brustein i vel 42. km. i tigerstaden. I skrivande stund har vi ikkje sluttida, men maraton-debutanten antydar ei sluttid på rundt 3.36.00. Det ville i såfall vere tredje plass i klasse 45 – 49 år som Kari-Anne deltek i. (ca. 60. uansett klasse) –Ein fantastisk følelse, skriv ho i ei kort melding.

Hans Kristian Stadheim sprang halvmaraton, eller ca. 21. km. Han kom i mål på 1.17.01 og 10. plass i klasse 24 – 34 år (41. uansett klasse). Ei personleg forbetring av bestetid på distansen frå i fjor med nesten tre minutt. – Ergerleg at eg ikkje sprang to sek. fortare og braut 17-minuttsgrensa, var hans kommentar til løpet. Vinnar av klassa vart Sondre Norstad Moen, Vidar. hellesylt.info gratulerer til begge med flotte løp.

(MMS-foto)

Hans Kristian Stadheim gjorde unna halvmaraton på ny personleg bestetid

Hans Kristian Stadheim gjorde unna halvmaraton på ny personleg bestetid

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380