Lokalnytt

Sunnylven Fotball med «Klubbens dag»

Skarpskyttarar i Sunnylven Fotball, frå venstre Olai, Ørjan, Isak, Elias, Ådne, Torjus, Trym.
Skarpskyttarar i Sunnylven Fotball, frå venstre Olai, Ørjan, Isak, Elias, Ådne, Torjus, Trym.

Hellesylt stadion var ein stor myldreplass søndag. Då vart «Klubbens dag 2015» arrangert.

Sunnylven IL har berre samarbeidslaget i kvinner på seniornivå i fotball i år, men mange spelar ball på den flotte kunstgrasbana på Hellesylt stadion likevel. Det kunne alle sjå som passerte stadion på søndag. Rundt 70 jenter og gutar i alder 6 år til 16 år var med på årets «Klubbens dag», aktivitetar med ball for alle nivå og ferdigheiter.

Fotballeiar Leif Rune Tryggestad var nøgd med oppslutnaden, og når veret spelar på lag slik det gjorde søndag vart det suksess også denne gongen, tredje året på rad med slikt arrangement.

Ute på bana var det sett opp postar med ulik vanskegrad, frå å skyte ein ball og måle farta med laser, treffe med ballen gjennom hola i Havlandnetter, skyte over ende så mange tome brusflaster som mogleg på to forsøk, til å spele fotball og skåre mål på motstandaren. Som siste aktivitet skulle det vere fotballkamp mellom spelarar frå dei aldersbestemte laga og foreldre og leiarar. Før vi drog vart hardaste skot forbi laseren målt til 90 km/timen, fekk vi oss fortald.

Sunnylven IL har fleire gode sponsorar. Til årets klubbarrangement hadde alle born og vaksne fått seg generar frå hovudsponsor Sparebanken Møre. All mat var spandert av Coop, Joker, Ole Ringdal AS og Orkla.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380