Sunnylven samfunnshus

 

Sunnylven samfunnshus vart 19. mai 2015 nyskipa frå eit partslag til foreining.

Tillitsvalde på årssamling 2018:

Hovedstyret 2018:
·         Leiar: Tor Tryggestad
·         Inghild Storstein
·         Gunn Tryggestad
·       Even Andre Bjørneseth
*      Eivind Louis Helset 
Varamedlemer: Egil Røyrhus. Olveig Frøysa, Per Ottar Alme.
Valnemnd: Magnar Hauge, Inge Bjørdal, Wenche Solli

REGLAR FOR UTLEIGE AV SUNNYLVEN SAMFUNNHUS

Innleiing

Sunnylven samfunnshus (heretter: SS) vart delfinansiert gjennom tippemidlar. Dette inneber at ein er forplikta til å stille anlegget til disposisjon for friviljuge lag og organisasjonar i 40 år frå ferdigstilling av anlegget, utan vederlag. Denne 40-årsperidoen var slutt i 2013 for SS. Dette betyr dermed at SS no må starte å ta betaling ved utleige.

Særskilde reglar

  • HUL har avtale på gratis leige av kjøkken og eitt arrangement pr. år uavhengig av 40-årsregelen.
  • I tillegg har HUL førstretten til å leige lokalet følgjande dagar:
    • 4. juledag
    • grendakveld og deler av veka før denne
    • øvingskveldar for teateret om hausten

dersom dei har tinga huset minst 4 veker i førevegen.

Lag og organisasjonar med fast organiserte aktivitetar (øving/trening) for barn og unge (16 år) skal betale ein fast årleg sum (1200 kr), men når det er inntektsbringande arrangement er dei likestilte med alle andre.

Nyklar

Det er montert nytt nykelsystem på SS (des. 2014). Ulike nyklar og gir tilgang til ulike delar av bygget. Det er laga ein hovudnykel (A) og 2 tilleggsnyklar (B og C).

  • A: alle dører
  • B: alle dører med unntak av musikkrommet, garderobe, sminkegarderobar
  • C: inngangsdører, møtedalen Fossedur, storsalen, toalett, kjøkken

Det må søkjast til styret for å kunne disponere nyklane.

Det skal førast liste over alle nyklar og kven som til ei kvar tid disponerer desse. Ansvar: Vaktmeister.

Desse har fast tilgang på nyklar:

  • Ungdomslaget
    • styreleiar [A]
    • teatergruppa [A],
    • Ole Aasen, [A]
    • dansegruppa [B]
  • Idrettslaget (hovudstyret og fotballgruppa) [B]
  • Bygdekvinnelaget [B]
  • Skulekorpset [B]
  • Sunnylven skule [A]
  • Styreleiar i SS [A]
  • Kasserar i SS [B]

Vaktmeister disponerer og er ansvarleg for nyklane.

Det er strengt forbode å leige nyklane vidare (framleige). Vaktmeister skal krevje at leigetakar viser fram nyklane i løpet av januar kvart år.

 Ansvar

Den som vaktmeister har oppført som ansvarleg for nyklane vil bli halden ansvarleg for at dei vert disponerte i samsvar med det løyvet styret har gitt.

Kjem nyklar på avvegar, er den som står oppført som utleigar fullt ut økonomisk ansvarleg for å skaffe nye, ev. for om naudsynt å skifte heile nykelsystemet.

Erstatning for skade på inventar

Alle skadar skal dekkjast av leigetakar.

Reinhald

  • All vask skal utførast av innleigd reinhaldar.
  • Rydding og tøming av søppel skal gjerast av leigetakar.

Prisar

Inntektsbringande arrangement 1)       

  • Heile huset                                                                            kr 3 100,-
  • Kjøkken                                                                                 kr 1 200,-
  • Møtesalen Fossedur                                                            kr   900,-
  • Storsalen                                                                               kr 1 000,-
  • Vestibyle og toalett                                                              inkl.

Ikkje inntektsbringande arrangement:

  • Heile huset                                                                            kr  300,-

Leige av videoutstyr inl. Caeli-vegg                                           kr   200,-

1: Med dette er meint arrangement der ein har inntekter av arrangementet frå inngangspengar, lotteri, sal av produkt eller andre former for inntekter. Nedre grense for inntektsbringande arrangement er sett til 5 000 kr (brutto).

2: Gjeld berre lag og organisasjonar med adresse i Sunnylven.

Styret får fullmakt til å fastsetje prisar på arrangement når det oppstår tvil om korleis satsane skal vere, og til å justere prisane slik at ein sikrar økonomien.

Sommardagar: Fast pris                                                               kr 9 000,-

Leige i samband med øvingar til arrangement (t.d. HUL) skal ikkje fakturerast, men vere inkludert i leiga i samband med sjølve arrangementet.

Utleige skjer via vaktmeister: Egil Jarle Frøysa. M: 464 11 127 (a)/ 958 06 301 (p).

E: egifro@stranda.kommune.no (a) / egiljarle@dcpost.no (p).
Vedteke av styret for Sunnylven samfunnshus på årsmøtet 07.02.2017 og etter drøfting og innspel frå årsmøtet 25.02.2016.

Hellesylt 07.02.2017.

Styret

Vedtekter (føremål):

Sunnylven samfunnshus skal driftast på ein slik måte at det skaffar Sunnylven (Hellesylt, Sunnylvsbygda, Langedalen, Nibbedalen) ein høveleg samlingsstad for allmennyttige føremål. Slike føremål kan vere t.d. folkemøte, festlege tilstellingar, selskaplege samkomer, kino- og teaterframsyningar, servering, bibliotek, studierom, idrettsaktivitetar, kontor.

Samfunnshuset skal vere ope for alle lovlege føremål. Ingen må stengjast ute på grunn av si religiøse eller politiske overtyding, eller av andre grunnar som er i strid allmenn toleranse.

Føremålet med Sunnylven samfunnshus skal altså vere  av allmennyttig karakter, og den økonomiske verksemda skal finansiere (dvs. ikkje realisere) føremålet med foreininga.

Sunnylven samfunnshus skal såleis ha både eit ideelt og eit økonomisk føremål, men den økonomiske drifta skal ikkje ha forretningsverksemd som mål.

 

 

 

 

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380