Triveleg pårørandefest

Rundt femti bebuarar og tilreisande slektningar var til stades på pårørandefest på Sunnylven omsorgsseter laurdag.
Den årlege pårørandefesten var noko utsett i år grunna byggearbeid som har pågått i omsorgssenteret og som nyleg er avslutta. Festen baud på både underhaldning, ei lita utloddning og sjølvsagt kaffi og mange gode kaker.
-Nokon meiner at her er ei kake til kvar av oss. Kanskje å ta litt hardt i, men i dag kan alle velje fritt frå ein meny slik politikarane har ynskje om, sa Kari Hauso Stadheim då ho ønska alle vel møtt. Saman med Egil Røyrhus og Annfrid Sæter har dei vore medlemer i pårørandegruppa ved Sunnylven omsorgssenter det siste året.
Frå eit langbord med kaker og vaflar kunne alle forsyne seg både ein og fleire gonger, før Kristin Storstein kom og bidrog med vakker song. «Å kunne æ skrive på himlen», «Du skal ikkje sove bort sumarnatta», ei vise av Jakob Sande og til slutt «Haustvise» vart framført vakkert til musikk frå eige tangentinstrument. Eit flott programinnslag som vart sett pris på.
Etter festen var det val av medlemer til pårørandegruppe for komande år. Ut gjekk Egil Røyrhus og nytt medlem var Arne Ringdal. Kari Hauso Stadheim og Annfrid Sæter held fram.

