Valvinnar i Stranda

Jan Ove Tryggestad (Sp) fekk klar fornya tillit frå veljarane til fire nye år som ordførar i Stranda.

Jan Ove Tryggestad (Sp) fekk klar fornya tillit frå veljarane til fire nye år som ordførar i Stranda.

Stranda Senterparti og ordførar Jan Ove Tryggestad vart den store valvinnaren i Stranda ved kommunestyrevalet 2015.

Stranda Senterparti og ordførar Jan Ove Tryggestad fekk solid oppslutning ved valet til nytt kommunestyre dei neste fire åra. Med 46.2, ein framgang på heile 16.0 prosentpoeng sikra partiet seg tre nye mandat i kommunestyregruppa og kjem tilbake med elleve i neste periode.

Framstegspartiet gjekk tilbake med 11.0 til 22.2 prosentpoeng. Gruppa mista tre mandat og får fem i det nye kommunestyre. For dei andre partia var det små endringar. Størst tilbakegang hadde Venstre, men berga sitt eine mandat i kommunestyre.

Resultat kommunestyrevalet i Stranda. Frammøte 63.8 %:

Stranda Senterparti 46.2 + 16.0

Framstegspartiet 22.2 – 11.0

Arbeiderpartiet 11.0 – 0.1

Høgre 11.2 – 0.4

Kristeleg Folkeparti 6.4 – 0.2

Venstre 3.0 – 2.2

 

Resultat fylkestingsvalet:

Senterparti gjorde også eit godt fylkestingsval i Stranda med 24.8 prosent der Jan Ove Tryggestad hadde andre plass på lista. Også Framstegspartiet kom godt frå fylkestingsvalet og fekk 32.3 prosent i Stranda. Toppkandidat Frank Sve er saman med Tryggestad sikra plass i det nye fylkestinget frå Stranda kommune.

Fylkestingsvalet i Stranda. Frammøte 58.3 %:                      Møre og Romsdal

Framstegspartiet 32.3 +0.9                                                                       13.0 – 3.4

Stranda Senterparti 24.8 +7.9                                                                  10.7 + 1.8

Arbeiderpartiet 15.3 -3.7                                                                           24.3 – 1.4

Høgre 11.8 -2.9                                                                                               18.1 – 3.9

Kristeleg Folkeparti 7.1 -0.6                                                                      8.2 – 0.5

Venstre 2.8 – 1.4                                                                                           5.6 – 1.9

MDG 1.5 +0.9                                                                                                  2.7 + 2.2

Sosialistisk Venstreparti 1.4 – 0.7                                                             2.7 – 0.4

KRI 0.9 + 0.9

SUN 0.6 – 2.0

R                                                                                                                          0.5 – 0.1

Andre                                                                                                                14.2 + 8.3

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380