Lokalnytt

Vedtok tilskot til Hellesylt Bygdetun

Hellesylt Bygdetun mars 2015.
Hellesylt Bygdetun mars 2015.

Stranda kommune tildeler Hellesylt Bygdetun 50.000.- kroner i tilskot og innleiar drøftingar om eigarskifte.

Saka om eigarskifte i Hellesylt Bygdetun var oppe til vedtak i Stranda kommunestyre 2. september. Ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp) gjekk på talarstolen og orienterte om saka, og slo fast at i bygdetunet var vedlikehaldsarbeid som måtte utførast, men det mangla pengar. Ein søknad til Kulturminnefondet fekk avslag med grunngjeving i at kommunen var eigar av bygdetunet.

-Administrasjonen må innleie drøftingar med stiftinga om å overta, gjerne etter same modell som for gamleskulen på Hellesylt, og fallrettsinntektene må som før gå til drift av bygdetunet. Det er urimeleg at bygdetunet skal ende opp i ein situasjon der verdiar forfell, sa ordføraren som rosa mange for mykje godt dugnadsarbeid i bygdetunet, både på våningshuset og andre arbeid.

Også Arild Ringdal (Ap) gav ros til dei som hadde jobba der og trekte fram både Karl Johan Øie og Harald Sørheim. –Kommunen har fått ei gåve så det er i denne sal ansvaret ligg for å ta vare på det.

Jostein Hole (H) støtta også det som vart sagt og også han gav ros til arbeidet som var gjort for å ta vare på gåva Hellesylt Bygdetun.

Kommunestyret samla seg samrøystes om dette vedtaket:

1.Stranda kommune løyver 50.000.- kroner til løn og revisjon ut 2015.

2.Stranda kommune ber administrasjonen innleie drøftingar med stiftinga om overtaking av eigedomen.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380