Lokalnytt

2918.- kroner til FORUT barneaksjon

Etter at pengane var trykt plassert i banken, venta matpause med brødskiver og kakao.
Etter at pengane var trykt plassert i banken, venta matpause med brødskiver og kakao.

Onsdag tømde borna i Sunnylven barnehge den spesiallaga sparebøssa med pengar til FORUT barneaksjon. Der var heile 2918.- kroner.

Måndag denne veka var det FORUT Festival i Sunnylven barnehage. Borna i Bjørnegruppa og Revegruppa hadde jobba med temaet «Gode venner i Nepal» og ville vise foreldre og andre slektningar kva dei hadde lært og laga.

I barnehagen kunne alle sjå flotte teikningar, få servert graut og kaker og vere med på fleire leikar. Alle som ville kunne gje ei pengegåve, stor eller lita, alt etter eige ynskje som skulle gå til FORUT sin barneaksjon. Onsdag var det tid for å ta turen til Sparebanken Møre på Hellesylt for å opne og telje opp innhaldet i sparebøssa. Det viste seg at «pengeskrinet» inneheldt heile 2918.- kroner.

–Det var eit veldig flott innsamla resultat frå dei 15 familiane som har born i barnehagen. Vi har snakka mykje om å eige og dele og vi trur resultatet viser at borna har lært mykje om det.  Eg hadde ikkje sagt noko på førehand, men fekk vi inn over 150.- kroner pr. barn ville vi få ein premie. Det greidde vi så no får vi eit «solteppe» på 60 gange 80 cm. som vi skal henge opp på vegg inne i barnehagen, seier pedagogisk leiar Mariann Frøysa.

Gjengen frå Bjørnegruppa og Revegruppa var på veg inn i kaffikroken på Coop der dei skulle ha eit lite måltid med kakao og brødskiver. Etterpå venta bakkane og vegen opp til Trollhola og Sunnylven Barnehage igjen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380