Årsmøte i Sunnylven Bygdekvinnelag

Sunnylven Bygdekvinnelag har halde årsmøte. På Tronstad grendahus møtte 17 av laget sine rundt 30 medlemer.

Styret for 2016 vart: Marit Hellebostad, Inghild Storstein, Anne Marie Sømoen Frøysa (ny), Olveig Brandvoll (ny), Anne Grete Hjelmeland Hole (ny).

Varamedlemer: Synnøve Kjellstad, Kjellaug Tronstad, Randi Tynes. Laget held fram med flat styreleiing.

Sunnylven Bygdekvinnelag har god økonomi, har arrangert julemesse, invitert på balldag på skulen, delteke under Hellesyltdagane og halde medlemsmøter.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380