Barnehagen hjelper venner i Nepal

Bjørnegruppa hadde mange glas med plommesylte. Legg merke til pengeskrinet, det vart fullt til slutt.

Bjørnegruppa hadde mange glas med plommesylte. Legg merke til pengeskrinet, det vart fullt til slutt.

I Sunnylven Barnehage har dei i haust jobba for og lært om FORUT sin barneaksjon «Gode venner i Nepal».

Etter tre, fire veker med temaet «Gode venner i Nepal» inviterte Sunnylven Barnehage foreldre, søsken, besteforeldre og andre slektningar til fest i lokala i Trollhola måndag denne veka. Mange kom for å sjå, høyre og smake på det borna og vaksne i Bjørnegruppa, Revegruppa og Blåbærtuva hadde stelt i stand frå det dei hadde lært om temaet. Og det var ikkje lite.

Eige Nepal-rom

I Barnehagen hadde dei sitt eige rom som hadde fått namnet Nepal-rommet. Her fekk også hellesylt.info sin utsende innsteg og til ny kunnskap om fjellandet i Asia. På veggane var der teikningar og bilete, vi fekk sjå korleis flagget til Nepal såg ut, på bilete av ein familie viste det korleis dei budde, kva dei hadde til mat og kvar dei laga den.

Teikna fjell

Den aller største teikninga gjekk frå golvet til taket. Det var av verdens høgaste fjell, Mount Everest. Då vart Galdhøpiggen, Norges høgaste som det også var ei teikning av, eit lite fjell. Borna hadde også laga mange «venneteikningar», flotte og fargerike. Og ikkje nok med det, på eit bord stod fleire glas med plommesylte, laga i barnehagen og som skulle gjevast vekk mot at dei som kom støtta aksjonen med pengar. I tillegg til plommesylte skulle dei få servering av risgraut, kaffi og kaker, fekk vi oss fortalt.

Besøket på Nepal-rommet vart ei lærerik stund saman med ivrige forteljarar som hadde fanga opp mykje kunnskap om FORUT sin aksjon «Gode venner i Nepal».

-Vi kan alle hjelpe

-Det har vore fokusert på mobbing i skulane denne hausten så difor valgte vi å jobbe ekstra godt med temaet venner. Det å lære om vennskap er viktig førebyggande arbeid mot mobbing, meiner eg. Og det vart ein fin overgang til årets FORUT-aksjon «Gode venner i Nepal», sa pedagogisk leiar i barnehagen, Mariann Frøysa.

-Det er om lag 80.000 born som er med i årets barneaksjon. Vi har gjennom aksjonen lært om og fått erfaring med likeverd, respekt, venner, det å dele, og hjelpe kvarandre. Når vi ser på utfordringane mellom anna i Nepal og Syria så er det viktigare enn nokon gong å lære om og erfare at vi alle kan vere med å hjelpe. Å vekse opp på Hellesylt slik det er no så får ikkje borna her lære og oppleve den berikelsen det er å vekse opp i eit fleirkulturelt samfunn. Difor er det nyttig å kunne lære om barn frå andre land, sa Mariann Frøysa.

I Sparebanken onsdag

Mange kom på barnehagen sin FORUT-festival måndag. Programmet dei vaksne fekk oppleve dei to timane festivalen varte var variert og morosamt. Mandarinløp, kaste på boks, lage armband, omvising på Nepal-rommet og servering var noko av det gjestane fekk oppleve. I sparebøssa vart det mange pengar etter kvart, men kor mykje veit ingen enno. Onsdag skal borna og nokre tilsette i Sparebanken Møre for å telje opp og setje pengar på konto til FORUT sin barneaksjon.

Det vart god servering og mykje godt prat i flott pynta barnehagelokale.

Det vart god servering og mykje godt prat i flott pynta barnehagelokale.

Verdens høgaste fjell, Mount Everest var ei av teikningane som pryda Nepal-rommet.

Verdens høgaste fjell, Mount Everest var ei av teikningane som pryda Nepal-rommet.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380