Beste fårikålkjøt i landet

Trond Tryggestad og Margreta Helset Janssen ved Ole Ringdal AS viser fram produkt som får toppskår i VG sin blindtest.

Trond Tryggestad og Margreta Helset Janssen ved Ole Ringdal AS viser fram produkt som får toppskår i VG sin blindtest.

Ole Ringdal AS, Hellesylt gjekk heilt til topps i VG + sin blindtest av fårikålkjøt. Som einaste fekk bedrifta på Hellesylt terningkast fem.

Kjøttvarebedrifta Ole Ringdal AS har levert varer av toppkvalitet igjen. På VG + sin blindtest fekk vinnarkjøtet som hadde vore frose svært rosande omtale og terningkast fem. På andre plass og med terningkast fire kom det ferske fårikålkjøtet merka Folkets fårikålkjøtt. I alt 12 forskjellige pakkar med fårikålkjøt var med i testen.

I kommentaren til vinnarproduktet frå Ole Ringdal AS skriv testpanelet: «Godt, mørt og saftig kjøtt. Kun bogskiver i pakken. Hadde fått toppscore om pakken også hadde inneholdt nakkestykker med noe meir fett. Noe for hele familien.»

Kyndig testpanel

Testpanelet i VG sin blindtest besto av God morgon Norge-kokk Wenche Andersen, kokk og restauratør Jørn Lie, hoveddommar i NM for kjøtt Mette Juberg, cateringdronning og rocekokk Mona Halvorsen, matjournalist og fotograf Hanne Stensvold og matentusiast, foredragshaldar og ølbokforfattar Espen Smith.

Beiter i Verdsarvområdet

Vi er sjølvsagt svært glade og nøgde med det flotte testresultatet for fårikålkjøtet vårt, seier Anne Ringdal ved Ole Ringdal AS. Og på spørsmål har disponent Kristen Ringdal ei klar oppfatning av kvifor nettopp fårikålkjøtet frå Ole Ringdal AS kom så godt ut. – Vi produserer berre av norske råvarer og kortreist, dyr henta i nærområdet. Og så blir det ekstra godt fårekjøt av gode beiteforhold heile sommar med mykje godt og saftig fjellgras. Dei går no her og beiter rundt om i Verdsarvområdet, legg Ringdal til.

Ringdal fårikålkjøtt kom best ut i blindtesten med terningkast fem.

Ringdal fårikålkjøtt kom best ut i blindtesten med terningkast fem.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380